Vi bur på eit hostell i bydelen Copacabana og har kort veg ned til den kjente stranda med same namn. I går gjekk vi langs strandpromenaden her og ut til Ipanema. Vi møtte all slags folk, men folk i treningsklede og joggesko var i fleirtal. Det verkar som om strandområdet vert flittig brukt av folk i alle aldrar og fasongar til trening. Det er til og med små gratis treningsstudio i friluft der folk står og strekker ut eller gjer styrkeøvingar.
Vi hadde tenkt å ta oss ein tur på stranda og svømme om ettermiddagen i går, men då vi kom dit i fire-fem tida var sola alt så lågt på himmelen at det byrja å bli kjøleg. I staden vart det tidleg kveld på hostellet sidan natta før var tilbragt sitjande over Atlanteren.
Etter tolv timars søvn men ein likevel tidleg frokost var vi klar for å vitje den store Jesus statua som er så kjent her i Rio. Vi greide å komme oss på riktig buss men var meir spent på om vi kom oss av på riktig stad. Vi enda heldigvis opp der vi skulle, Trem de Corcovado, eit tog som tok oss opp til statua. Dette var ein verkeleg turistmagnet, og vi er glade for at vi var sopass tidleg ute. Men utsikta var heilt fantastisk. Ein kunne sjå rundt til alle kantar. Og det måtte ein skulle ein greie å sjå heile byen. Sjølvsagt måtte vi også ta bilde av oss sjølve framføre "Christ the redeemer".
Etter togturen ned igjen, kom vi oss på Metroen og reiste inn til det historiske sentrum av Rio. Her vandra vi rundt etter kartet og såg på diverse severdiheter. Det hadde skya over så det var fin temperatur å gå i, eit par og tjue.
I morgon har vi tenkt å "joine the locals" og ta morontrimmen på stranda før vi muligens sett snuten vest over. Den som lever får se.
Kømen alle berichtun in het Nøørs? Dan gøn we lessen vølgen! Groet Arie
ReplyDeleteFlinke bloggere, og jammen også spreke joggere! :D Gleder meg til å følge med videre :)
ReplyDelete