Noko av det vi hadde sett særleg fram til var å få gå Inka stien til Machu Picchu. Allereie i juli hadde vi bestilt turen, og då var vi faktisk seint ute. Med andre ord, denne turen er svært populær. Så populær at dei har måtta sette beggrensningar på kor mange som kan gå i løpet av ein dag.
Første dagen var det Inka flatt. Eit begrep dei har i Peru fordi ingenting egentlig kan kallast flatt. I vår terminologi ville vi vel ha sagt kupert. Frå starten på 2600 moh enda vi på leirplassen på 3100 moh. Dagen etter gjekk vi over Dead woman's pass på 4200 moh. Seinare då vi var i leiren og det var blitt mørkt fortalde guiden vår kvifor passet hadde fått dette namnet. Han sa at det var ei tysk kvinne som hadde vorte drept her og at ho framleis spøkte her. Han sa at han sjølv hadde kjent at ho røska han i fotane mens han sov. Han hadde då tenkt på korleis han kunne løyse dette og komme fram til at det beste ein kunne gje ein turist på Inka stien er ein sjokolade, så han oppfordra oss alle til å legge ein sjokolade eller liknande utanfor teltet vårt om natta.
Det må nemnast at kvar morgon kom guiden og to av bærarane rundt og serverte oss varm drikke i telta. kaffe, kakao eller te - Koka te. Det vart mykje drikking av denne teen som er laga av kokka blad trekt i varmt vatn. Ein kan også tygge blada og la dei ligg i kjeven ei stund. Dette hjelp ein å tåle høgde bedre og ungå høgdesjuke.
Bærarane, eller løparane som vi heller skulle kalle dei, var utruleg spreke. Dei sprang forbi oss med gedigne ryggsekkar, eller berre ein strisekk med provisoriske stropper. Heldigvis hadde vår reisearrangør ei grense på 25 kg som dei kunne bære. Tidlegare var det ubegrensa. Når dei kom i leiren sette dei opp telta våre og to ekstra store telt til kjøkken og etesal. To av dei var også kokkar og tilbereidde dei mest fantastiske rettar. Og det var varm torettars lønsj og middag kvar dag!
Siste dagen måtte vi opp kl 4 for å gå til Machu Picchu. Då vi kom til The Sun Gate (Solporten) var det tåke så vi fekk ikkje noko glimt av Machu Picchu derifra. Men då vi gjekk nedover kom byen endeleg til syne. Målet var nådd!!
Machu Picchu er berre heilt fantastisk, og ein magisk plass som reiser så mange spørsmål. Guiden vår var utruleg kunnskapsrik og gav oss mykje informasjon Denne merkelege plassering av ein by var planlagt til minste detail, på eit stad som Inka folket ansåg som heilag.
Desverre hadde HM blitt sjuk kvelden før og var tappa for energi. Uten å få i seg næring var det hardt og svimlande å gå rundt på MP i steikande sol. Likevel var dette høgdepunktet i Sør Amerika, så det seier noko om inntrykket denne byen gir.
No comments:
Post a Comment